Håvard Hedde Song Lyrics
Håvard Hedde by Storm (Norsk folketone)
Eg heiter Håvard Hedde og eg er så ven ein kar
no vil eg bort å gifta meg og rydja meg en gard.
Eg bor oppunder fjell
og jenta hev eg lova
eg svik ho inkje hell.
Eg heiter Håvard Hedde og eg bur oppunder nut.
No vil eg bort å gifta meg, eg vil'kje ganga gut.
Eg bor oppunder fjell
og jenta hev eg lova
eg svik ho inkje hell.
Garden den er liten, men skogen den er god.
Der heve eg to furer, og dei skal stå i ro.
Eg bor oppunder fjell
og jenta hev eg lova
eg svik ho inkje hell.
Når borni dei vert mange, og skuldi aukar på
så høgg eg ned den eine, den andre ho lyt stå.
Eg bor oppunder fjell
og jenta hev eg lova
eg svik ho inkje hell.
Men når me verte gamle, og kvar skal hava sitt
så høgg eg ned den andre, og då er skogen kvitt.
Eg bor oppunder fjell
og jenta hev eg lova
eg svik ho inkje hell.
Det var no ikkje undrats att Håvard totte vondt
han reiste ifrå lanjei den mørke hauste natt.
Eg bor oppunder fjell
og jenta hev eg lova
eg svik ho inkje hell.
Han reiste ifrå lanjei, og då var jenta fest,
men det var med ein annan, det hev han trega mest.
Eg bor oppunder fjell
og jenta hev eg lova
eg svik ho inkje hell.