Ormin Lange
"Og skal eg nord i trollebotten
Og løyse di dotter or vånde
Så vil eg hava ded Olafs-skipid
Som dei kallar Ormin Lange"
Åsmund sprang på Olafs båt
Som kallas Ormin Lange
Dei ropad på Torkild Adelfar
Lat no skipid koma til gange
Årinn` og ded forgylte fløy
Bore dei ut at strande
Ded var Åsmund Fregdegævar
Han sille fara af lande
Så vatt dei up ded silkisegl
Høgast i seglerå
Dei sille inki på bunkin strjuke
Før dei trollebotten såg
Dei kastad deires anker ned
På den kvitan sand
Ded var Åsmund Fregdegævar
Han trød den fyste på land