Høge fjelli
Såg vi då;
Stolte, kalde,
Staute.
Forntid er
Forgangen nå,
Men fjellet
Faller aldri.
"mange vandra
Før i veg,
Og kom ikkje
Frå kulda.
Dra'kje opp
Til daudeskaar
Vil'kje av
Det veta."
Høyr du vindens
Vesamheit
Som på tre og
Steintroll tærar.
Snjófok er
Og kulda bit
På isna,
Hårde andlet.
Så seglar tåka
Over skaar
Som vage slør
I vinden.
Høyr ula stilner,
Vinden døyr.
Til slutt alt rundt
Er stilt.
Så sto der ein skugge
Av ein gamal kall
Han svant og du var borte
Eg kallar høgt ditt navn
Ingen trøst,
Kun kaldt og trist.
Kun stillnaden
Som hersker.
Eg søkar einsam
Utfor sti,
Svare no
Mitt skrik.
I tåka bortmed
Bjørka att
Sto gubben der
Og galdra.
Eg falt omkull
På iset seng
Så syntest
Alt meg svart.